Bråtåliv

Bråtåliv
God påske!

mandag 29. august 2011

Hiv og hoi, snart er skatten vår...


Ja, for det er da ved enden av regnbogen skatten ligg???

Ørjasæter/Førsund markering 27. august 2011

Laurdag var peis-stugu på Sota godt fylt opp for
markering av Ørjasæter/Førsund,
og da særleg "Vestland Vestland"-samarbeidet.
Jon Tesdal, barnebarn av komponisten fortalde levande
om sin familie og arbeidet for å få Vestland, Vestland utgjeve og inn i songbøker.

Frå "vår" side av samarbeidet fortalde
Gudmund Teigen om Tore Ørjasæter,
og også om Svein Kvitingen, "Sotkongen"
og korleis han levde.
Eit åndsmenneske i rette meining, sa Gudmund.



Endre Skjåk las dikt og fortalde segner på ein framifrå måte,
og filosoferte seg fram at det truleg var reint tilfeldig at det
vart ei verdkjent vestlandsvise ut av samarbeidet Ørjasæter / Førsund
- det kunne like gjerne ha vorte ei høgfjellsvise...


Guro Grimstad, Skjåk si eiga gullstrupe deltok med sang, men spela og fele til avslutningsnummeret, diktet "Sota" av Olav Aukrust.


Det var rett så trolsk på Sota denne laurdagseftaen - sjølv om vi ikkje
"kom der vegvill ein gong ved midnatt, og myrke segner imot meg susa...."




lørdag 27. august 2011

NAM-NAM

Det er nok mange som lever Bråtålivet som i desse dagar,
slik passleg utpå dagen, går tvikrøkt og grev i jord.

Målet er sjølvsagt nypotetene!

Det er mange måter å stelle dei til på
- ein favoritt er dampkokte,
og når dei "rengjer kåpa", ja da er dei ferdige.
Nam-nam!

onsdag 24. august 2011

VESTLAND, VESTLAND. Ørjasæter/Førsund

I helga blir det markering av at det er 100 år sidan diktet Vestland, Vestland vart tonesett.

onsdag 17. august 2011

Snipp, snapp, snute...




Med flunka ny miksar skulle det bli ein smal sak å "røre smør og sukker kvitt og luftig" i kveldens tjukksnippeproduksjon. Trudde vi.

Gamlemiksaren som gav opp i slutten av juli hadde vore med i 20 år, til alle slags rører, trufast som berre det. Nå var trua sterk på ny flott miksar!
Men - 20 dagar heldt den nye...
Den anda ut akkurat da smør og sukker hadde vorte passleg kvitt og luftig.

Snipper skulle det bli lell, og fram kom tresleiva og muskelkrafta!



søndag 14. august 2011

Saltsvoltne dyr!


MMMøøøø.... dette var saker!

Nokre gonger i beitesesongen bør ein leite
opp kyrne for å stille saltsvolten på dei.
Laurdag kveld stod Syrtbyttdalen med saltbytte på programmet.


Bjøllekua var tilfreds


Å, du, detta var heilt nyydeleg!

Kva? Har du ikkje meire? Kom snart att, da!



lørdag 13. august 2011

- og jammen er blåbæra klar!


Ut og plukk - dette er snadder!

Lyng!


Røsslyngen lyser!

glimt frå olsokfeiringa på Mysubytta




Tradisjonen tru samla folk seg på Mysubytta olsok.
Triveleg prat, god kaffe kokt på bål og rikeleg med bite
gjorde kvelden akkurat så bra som alle ynskte seg.