Bråtåliv

Bråtåliv
God påske!

mandag 29. august 2011

Ørjasæter/Førsund markering 27. august 2011

Laurdag var peis-stugu på Sota godt fylt opp for
markering av Ørjasæter/Førsund,
og da særleg "Vestland Vestland"-samarbeidet.
Jon Tesdal, barnebarn av komponisten fortalde levande
om sin familie og arbeidet for å få Vestland, Vestland utgjeve og inn i songbøker.

Frå "vår" side av samarbeidet fortalde
Gudmund Teigen om Tore Ørjasæter,
og også om Svein Kvitingen, "Sotkongen"
og korleis han levde.
Eit åndsmenneske i rette meining, sa Gudmund.



Endre Skjåk las dikt og fortalde segner på ein framifrå måte,
og filosoferte seg fram at det truleg var reint tilfeldig at det
vart ei verdkjent vestlandsvise ut av samarbeidet Ørjasæter / Førsund
- det kunne like gjerne ha vorte ei høgfjellsvise...


Guro Grimstad, Skjåk si eiga gullstrupe deltok med sang, men spela og fele til avslutningsnummeret, diktet "Sota" av Olav Aukrust.


Det var rett så trolsk på Sota denne laurdagseftaen - sjølv om vi ikkje
"kom der vegvill ein gong ved midnatt, og myrke segner imot meg susa...."




2 kommentarer:

  1. Førsund-slekta vil gjerne få takke Ørjasæter-slekta og Bråtåfolket for at de tok så godt i mot oss i helga.

    Helsing Arnfrid Mæland

    SvarSlett
  2. Hei. Har for fyste gong vore på internett og lese den koselege helsinga. Eg vil takke førsundfolket for at vi fekk vere med på stemnet. Helsing frå Sølvi og Gudmund Teigen.

    SvarSlett