Bråtåliv

Bråtåliv
God påske!

fredag 18. mai 2012

17. mai er vi så gla' i , moro vi har frå morgon til kveld!

 Det vart hoppa slengtau til stakkane flaksa!

 Denne karen laga såpass til leven at han tykte det vart i meste laget sjølv.

 Huskene hekk ikkje særleg roleg

 Inne var det godt lag med god prat

 Og ikkje minst god mat!

 Stinn var stugu...

 Både unge og eldre kosa seg ilag.

 Vaktskifte i slengtauet

Slik at dei vaksne og fekk prøve seg.

Ja, moroa startar på morgonen i Bismo på nasjonaldagen, 
men jammen held den ut til kvelden er avrunda i Bjørkås. 
I år var det 52 feststemte skjåkverar som avrunda dagen i Bråtå. 
Og moro hadde vi det! Både dei som kosa seg med slengtau,
 dei som huska i høgste været, dei som sparka ball 
og sprang etter kvarandre, og dei som kosa seg inne med lademjølk, 
kaffe, is og eit meire enn fullt kakebord. 

Takk til alle som kom - og velkomne att neste gong!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar