I morgon, 5. juni er det dugnad på Påleplassen kl. 18.00.
Dagmar flytta både på utedoen og ruska til der, så nå lyt vi rydde opp etter henne slik at det vert triveleg å kome dit i sommar. Grendalaget spanderer kaffe og biteti.
Fredag 15. juni kl. 19.30 satsar vi på at sommaren er komen for å bli og ber inn til TERASSEFEST i Bjørkås. Ta med grillmat og godt humør, tilbehør vert ordna.
Og vi må ikkje gløyme ST.HANSFEIRING på Påleplassen laurdag 23. juni!
Grillen er varm frå kl. 18.00, du tek med det du vil ete sjølv.
VELKOMNE!
mandag 4. juni 2012
mandag 21. mai 2012
Somebody to love
Ja, det fekk vi verkeleg i helga! Vi hadde nok ei aning allereie 17. mai da "Team Skjåk" song så det gjekk kaldt langt nedover råndastakken - dette blir bra!
Og så går dei av stad og vinn heile Nasjonalparkskriket laurdag, i hard kamp med dei andre norddalskommunana. Bråtlivet GRATULERAR!
Vi veit det ligg mange, mange øvingar bak sigeren.
Og Guro dirigent: om du skulle ha lyst til å prøve deg på "team Sota" - vi er med!
foto: Fjuken
Og så går dei av stad og vinn heile Nasjonalparkskriket laurdag, i hard kamp med dei andre norddalskommunana. Bråtlivet GRATULERAR!
Vi veit det ligg mange, mange øvingar bak sigeren.
Og Guro dirigent: om du skulle ha lyst til å prøve deg på "team Sota" - vi er med!
foto: Fjuken
fredag 18. mai 2012
17. mai er vi så gla' i , moro vi har frå morgon til kveld!
Det vart hoppa slengtau til stakkane flaksa!
Denne karen laga såpass til leven at han tykte det vart i meste laget sjølv.
Huskene hekk ikkje særleg roleg
Inne var det godt lag med god prat
Og ikkje minst god mat!
Stinn var stugu...
Både unge og eldre kosa seg ilag.
Vaktskifte i slengtauet
Slik at dei vaksne og fekk prøve seg.
Ja, moroa startar på morgonen i Bismo på nasjonaldagen,
men jammen held den ut til kvelden er avrunda i Bjørkås.
I år var det 52 feststemte skjåkverar som avrunda dagen i Bråtå.
Og moro hadde vi det! Både dei som kosa seg med slengtau,
dei som huska i høgste været, dei som sparka ball
og sprang etter kvarandre, og dei som kosa seg inne med lademjølk,
kaffe, is og eit meire enn fullt kakebord.
Takk til alle som kom - og velkomne att neste gong!
onsdag 16. mai 2012
KLART TIL DEN 17.
Å rake i undabakke har både fordeler og ulemper.
Men for den yngste dugnadskaren gjekk det strykande!
Mjuk i kroppen og god "handtame" med riva.
Riveparkering.
Inne venta det god mat og kaffe. Så vart det pynta og gjort klart til den 17.
Vel møtt!
Russ, russ, russ!
Sjølvaste russepresident Andrea kom til Bråtå i dag
for å syne fram reklamesponsorane frå grenda.
Både Flaten Bygg, Bråtå Samdrift og Bråtå Grendalag
støtter denne bilen økonomisk. Slett ikkje verst!
Ja, ho hadde ein annan agenda og - eit medlem
av "Monkey Wagon" skulle plukkast opp
for siste døgn med russefeiring...
Så tok dei åt - med formaningar om å ha
det løje og å passe godt på kvarandre.
Vi ser dei vel att i morgon, ikkje fullt så opplagte?
søndag 13. mai 2012
NÅ DE` BLI SÅ SEIN EIN VÅR....
..snogen øynnå ligg ti dalom.
(frå Vårknipa av Tore Ørjasæter)
Skauta er dekt med snog, spennande å
fylgje med på framover våren. Kjem ho
med skott eller opnar ho seg pent og pynteleg?
Søverhøe er forsatt drivkvit. Skiføre lenge der.
Men gullbosten lyser gul og glad i bakkane!
Til å lite på denna.
torsdag 10. mai 2012
Abonner på:
Innlegg (Atom)












