Bråtåliv

Bråtåliv
God påske!

tirsdag 26. november 2013

å jubilere....

- det bør ein markere! 
Heldigvis finst det så mangt ein jubilere, og 2014 blir eit jubileumsår i Bråtå.

For tenk, da er det alt 20 år sidan vi i olympisk rus etter LillehammerOL smelte i stand vårt heilt eige attpåball:  BRÅTÅ-OL!

Slikt kan ikkje gå upåakta hen - og som ein start har vi laga opp ein eigen jubileumskalender!
Den blir for fyrste gong synt fram på kafèen den 1. desember - og den blir sjølvsagt til sals!
Ein sniktitt kjem her:

SJÅ PÅ JULESERVIETTAR KVELDSKAFÈ!

I år gjer vi ein vri på førjulskafèen i Bjørkås:

sundag 1. desember mellom kl. 18 og 21 
kan du kjøpe deg kaffe og ein smak av jul attåt.

I tillegg vert det utstilling/byting/beundring av juleservietter som vi har liggande rundt omkring i meir eller mindre sytematiserte oppbevaringsmodular...

Har du ikkje serviettar?  
Kom lell!
 Du vil sikkert kjenne att ein eller fleire av dei serviettane som er i ei samling!

mandag 18. november 2013

interesse

Det erså mangt som kan interessere oss - og av og til kan ein undre seg over kva som gjer at akkurat dette temaet er så interessant?
 Ta våre kjære serviettar..... ja, vi veit at det har fått ein del plass både på blogg og tv i år, men vi gjev oss ikkje heilt enda. Kva er det med desse små papir"fillene" som gjer at nokre går heilt av skaftet for å byte til seg akkurat DEN servietten med akkurat DEI blomane på?
Kvifor ser vi stadig vekk damer stinge ein pent brukt, eller aller helst ein ubrukt rett frå vertinna si serviettpakke, serviett ned i veska - fordi den var så pen?
Vi vil fundere meire på dette 1.sundagen i desember - som tilfeldigvis er den 1. desember i år.
Da vil vi ta med oss serviettar til Bjørkås att, serviettar med julemotiv for å syne fram, synse og tru, mimre og kanskje byte litt og?
Merk deg datoen - vi kjem med meire informasjon seinare!

fredag 8. november 2013

KAFE 10. NOVEMBER

Sundag 10. november blir det høve til å kjøpe seg kaffe og biteti i Bjørkås frå kl. 12.00 til 15.00.
Utklippsbøkene hennar Oddveig er fortsatt der, så kom og sjå!
Ta med deg far så kan han nyte farsdagen med kaffe og god lesnad!
Velkomen!

mandag 28. oktober 2013

Å NEI SLIK EIN HUGLEG HAUST!

Ja, det må vi seie oss samde i. Mykje sol og varme har vi fått og frosten let vente på seg.
Da kjennes ikkje vinteren så lang. Det er Tore Ørjasæter som har sett pris på hausten i dette diktet:


Å nei slik ein hugleg haust!
Himilen djupblå seg kvelver
og solglansen skir i aust
stillt gjennom ljosblånen skjelver.

Og upp ifrå einsleg dal
over den hauststille sæter
det skin gjennom lufti sval
inn i den evige æther.

Nei aldri so evigblå
breidde seg ljos-kvelven blanke.
No synet mitt upp kan nå,
sælt som min stigande tanke.

Og stilt, når det skuming fell,
bleiknar den dags-djupe blåne,
då kveikjest det stjerne-eld
og sylvglans frå bleike måne.

Når natt over bygd og bol
sløkkjer den ljoskvelven blanke,
som glans av ei evig sol
stiger so stillt i min tanke.




søndag 20. oktober 2013

- i bla'e!


Bråtå havna i bla'e fleire gonger siste veke. 
 På sin plass, tykkjer nå vi, og 
journalisten har heilt rett - det er fint her!

Stutte og tjukke!

Det er konklusjonen på fasongen på årets gulrotavling.
Men kva gjer vel det - dei smakar himmelsk godt!